Om teaterstykket


Håkon kjem tilbake til Fitjar i august!

Håkon den gode kjem tilbake til Fitjar i august 2024, men denne gongen er det ikkje i det gamle «Håkonarspelet», Kongen med gullhjelmen, men i eit flunkande nytt teaterstykke som fortel om heile livet til Håkon med dramatikk, action og humor. Dette blir ein kveld i Fitjar du ikkje kan gå glipp av!

Det er Foreininga Håkon den gode – Fitjar står bak det nye teaterstykket. Denne foreininga er eigd av Fitjar kommune, Fitjar sokneråd, Fitjar sogelag og Osternes mannskor. Styreleiar i foreininga er Terje Gloppen og produsent for stykket er Bjørn Haaland.

Nytt manus!

Manuset til Håkon – den gode kongen er skrive av Bjørn Haaland, Christer Stewart Aarbø og Birgitte Drønen Brenne. Stykket hentar i hovudsak sitt historiske materiale frå dei tre kongesagaane som vart skrivne på norrønt mellom 1190 og 1230: Årgrip, Fagrskinna og Snorres Heimskringla. I tillegg har dei supplert med fleire mindre kjende kjelder, som to norske historieverk på latin frå 1100-talet, Historia Norwegiae og Historia de antiquitate regum Norwagiensium (også kalla Theodoricus), den danske kongesagaen frå byrjinga av 1200-talet, Gesta Danorum av Saxo Grammaticus, samt fleire ulike kjelder på norrønt frå Island, som historieverket Landnámabók og diktet Nóregs konungatal. I mange tilfelle er kjeldene fragmentariske eller tause, og der har forfattarane dikta fritt.

Bygdedugnad!

Å setja opp eit stykke som Håkon – den gode kongen, med eit stort budsjett og mange oppgåver som må løysast, krev ein bygdedugnad både på den økonomiske sida og på gjennomføringssida. Me har vore så heldige å fått knytt til oss mange gode sponsorar som er med på å finansiera dette løftet for bygda. På gjennomføringssida har Fitjarbuen igjen vist seg frå si beste side og stiller opp med kostymesying, scenebygging, matlaging og alt anna som trengst for å gjere dette til ei oppleving du seint vil gløyma. Håkon – den gode kongen er rein bygdeenergi!

Kven står på scenen?

Hovudrolla som Håkon Adalsteinsfostre vert spelt av Peder Lauvås frå Etne, som er utdanna skodespelar og i dag arbeider ved Det vestnorske teateret. Anderz Eide frå Fusa spelar Olmod Årmann, kongen mann på Fitjar og ein sentral karakter i stykket. Anderz er ein erfaren skodespelar kjend frå både scene, skjerm og film – og ikkje minst som Jon Fosses offisielle lydbokinnlesar. Som Tora Mostrastong, mor til Håkon, møter med Nina Meldahl Olsen, kjend frå m.a. Mostraspelet. Me har og med oss fleire kjende veteranar frå teaterscenar i Sunnhordland, som Fitjars eigen Sissel Jørgensen, Johannes Hjelland og Torleif Stokke – og dessutan lokale amatørar som gir alt for Håkon!

Håkon den Gode: Peder Lauvås

Kven står bak scenen?

Håkon – den gode kongen vert regissert av Monika Bjerke frå Haugesund, som til dagleg arbeider som produksjonsleiar ved HAUT – Haugesund teater. Ho har no teke på seg oppgåva med å gjera Håkons liv så dramatisk, spennande og underhaldande som mogleg. Scenografien i Moahagen er laga av den utflytta Fitjarbuen Bernt Olaf Nesbø, som har lang erfaring som scenograf, mellom anna for Den Nasjonale Scene og Fyllingsdalen teater. Musikalsk leiar og komponist er Svein Ragnar Myklebust, som i årevis har vore kapellmeister for Fitjar-revyen. På lys- og lydsida har me og med oss lysdesignar Simon Alfsvåg frå Bømlo. I tillegg har me med ein profesjonell koreograf, Synne Garvik frå Haugesund, som mellom anna skal gje oss ei gjenskaping av slaget på Fitjar som du aldri har sett maken til!

Vil du følgja oss under produksjonen? Følg oss på Facebook og Instagram

kjøp billett her

Takk til våre samarbeidspartnarar: