Me gjentek suksessen i 2026


Kjøp billett her

Foto: Stig Morten Sørheim/ABC studio

Håkon – den gode kongen

I august 20206 kjem Håkon den gode atter ein gong attende til Fitjarbygda!

I det nyskrive teaterstykket, som vart oppført for første gong i 2024, får me oppleva Håkon sitt liv og virke frå barndommen på Fitjar, livet hans ved hoffet til kong Adalstein i England og heimkomsten til Noreg som vaksen mann og konge. Historia fortel og om reisa i Håkon sitt indre, kor kristendom og åsatru bryt med kvarandre, og korleis hans diplomatiske gåver verkeleg blir sett på prøve.

Me byr på ei vakker og stemningsfylt oppleving i Moahagen, kor trea og himmelen jobbar i lag med nykomponert musikk, profesjonell lys- og lydsetjing og flotte kostymar og kulissar.

Det er to framsyningar: 28. og 29. august. Velkomen!